Om oss

Eid Elektro er eit elektrofirma med lange tradisjonar, god og brei kompetanse, massevis av erfaringar og hyggjelege medarbeidarar, sjå film her.

 

 

 

Firmaet vart etablert 11.12.80 og starta opp i 1981 på Nordfjordeid med 9 tilsette og hadde fyrste året ein omsetnad på 1,8 million.

Eid Elektro AS har i alle år hatt ei positiv utvikling, spesielt dei seinare åra og har i dag over 70 tilsette med ein omsetnad i 2016 på 111 millionar.

 

Firmaet held i dag til i eigne lokale på 1600 m2 i Øyane Industriområde, og inneheld lager, tavleverkstad, kantine/møterom, kontorer og garderober.

 

     

Til venstre: Eid Elektro sitt hovedkontor, lokalisert i Øyane på Nordfjordeid. Til høgre: Eid Elektro avd Bergen, lokalisert i avbilda endeseksjon i Hardangervegen ved Nesttun. I tillegg har vi montørbasar i Syvde og på Stadlandet

 

Målsettinga til firmaet er at vi skal vere ein lokal marknadsleiande elektroentreprenør og tavlebyggar, med høg kompetanse og servicegrad. Firmaet skal utvikle seg i forhold til marknaden og i lag med kunden. I tillegg skal firmaet vere ein trygg og god arbeidsgjevar som er samfunnsengasjert, og som skal kunne tilby dei tilsette spennande og utfordrande jobbar.

 

Firmaet er organisert med tre avdelingar der installasjonsavdeling tek seg av den tradisjonell elektroinstallasjonen med ein del utvida arbeidsområdar/nisjar, prosjektavdeling tek seg av dei store og kompliserte installasjonane også tverrfaglege installasjonar og teknisk avdeling tek seg av det som går på industri, automasjon, tavleproduksjon, mjølkerobot, m.m.

 

I tillegg har firmaet ei avdeling i Bergen for tavleproduksjon, montørbase i Syvde i Vanylven kommune og Stadlandet i Selje kommune. Begge desse montørbasestasjonane tek seg av installasjonar og aktivitet i deira regionen.

 

Eid Elektro utfører dei fleste typar elektriske installasjonar innan både elektrosterk- og svakstraum. Vi tilbyr våre tjenester til både private, industri/næring, offentlige, handel, kontor, landbruk m.fl.

Ingen oppdrag er for små eller for store, så det er bare å ta kontakt.

 

Eid Elektro er ei bedrift å vekse i og vi har stort fokus på lærlingar og at tilsette skal få mulighet for vidare utvikling. Vi er godkjent lærebedrift for lærlingar som ynskjer å bli elektrikar, automatikar eller tavlebyggar.

 

Eid Elektro fekk NAV sin Eldsjelpris for bedrift 2017 etter å ha vert nominert som ei av tre bedrifter i Sogn og Fjordane. Overrekking av prisen skjedde på NAV sin IA dag 2017 i Førde og den vart overrekt av direktøren i NAV Sigrun Vågeng.

I innstillinga til nominasjonen står det at

"Eid Elektro stiller seg veldig positiv til å ta i mot ungdom, dei følgjer godt opp og dei viser eit stort engasjement for å inkludere personar som har utfordringar med å komme inn i arbeidslivet av ulike årsaker.

Dei er også opptatt av å ta vare på og utvikle eigne tilsette og å ta i mot lærlingar. I tillegg er dei gode til å følgje opp sjukmelde og finne løysingar tidleg, slik at det sjeldan er behov for å gjennomføre dialogmøter. Elles har dei eit sterkt engasjement for lokalsamfunnet og dei er ei open bedrift som er kjekk å samarbeide med."

 

 

 

 

Kontakt oss

Øyane 12, 6770 nordfjordeid

Ledige stillingar