Boliginstallasjon

 

 

 

Generelt

Eid Elektro har gjennom mange år vore ein betydelig aktør i den private marknaden for elektroinstallasjonar og servicearbeid i midtre Nordfjord, og i tillegg har vi mykje arbeid i Selje, Vanylven og Bjørkedalen.

Våre montørar, teknikarar, ingeniørar og saksbehandlarar har lang erfaring og brei kompetanse, og vi kan utføre alle typar installasjonar.

 

Vi held til i funksjonelle lokale med eit stort lager med elektrisk materiell/utstyr. Alle våre montørar har godt utstyrte servicebilar og vi har vaktordning slik at vi kan hjelpe deg 24 timar i døgnet.

 

Eid Elektro er medlem av EL-PROFFEN som er Norges største kjede for elektroentreprenørar.

 

Moderne installasjonar/Smarthus

Eid Elektro har i dei seinare år satsa sterkt på leveranse av ny teknologi innanfor boliginstallasjon, og vi har fokus på å holde oss oppdaterte slik at kan tilby det siste nye innanfor moderne installasjon.

Vi har levert fleire smarthus-installasjonar i Nordfjord-regionen, sjekk gjerne nettsidene til våre samarbeidpartnarar

www.smartbuilding.no

http://xcomfort.no/hverdagsluksus.html

 

Interiør/belysning/moderne installasjonsmateriell

Eid Elektro ynskjer å tilby det siste innanfor design og interiør, og har tett dialog med våre leverandørar for å vise kva som finst på markedet.

Gå gjerne inn på våre leverandøar sine nettsider og sjå kva som finst:

www.elko.no

www.sg-as.no

www.nordesign.no

www.norlys.no

www.glamox.no

 

 

Hytter og fritidsboligar

Eid Elektro har lang erfaring med leveranse av installasjonar til hytter og fritidsboligar. Vi er blant anna forhandlar av hyttetorget i vår region.

Sjekk gjerne

www.hyttetorget.no

www.sikom.no

 

Varmepumper

Eid Elektro er autorisert forhandlar av varmepumper fra Mitsubishi og Toshiba. Vi har gjennom mange år levert varmepumper i Nordfjordområdet, og kan tilby kvalitets-varmepumper til en konkurransedyktig pris. Vi er en aktør som har eksistert i mange år og som også vil vere her i framtida, og i ein marknad med mange leverandørar som "kjem og går" er dette viktig for deg som kunde. Dvs at du får hjelp med oss om 5 eller 10 år dersom du får problem med varmepumpa di.

www.miba.no

www.toshibavarmepumper.no

 

 

For oss er ingen oppdrag for små eller store så det er berre å ta kontakt.

   

  

Vi utfører også:

  • Antenneanlegg
  • Tjuverialarm
  • Belysning
  • Brannalarm
  • Dørtelefon
  • KNX installasjonar
  • Velferdsteknologi