Profesjonell leverandør av installasjonar for større og mindre byggeprosjekt

Prosjektavdeling

Vår prosjektavdeling leverar prosjektering, koordinering og utføring av store og små næringsbygg, offentlige bygg og industri. I hovudsak opererer vi i Nordfjord, Sunnfjord og søre Sunnmøre. Avdelinga består av prosjektleiarar, elektrobas på arbeidsplassen og ein stab med elektromontørar. 

 

Tekniske entrepriser - Teamtek

Eid Elektro inngår i ei gruppe der vi saman med fleire tekniske fag kan tilby og gjennomføre komplette tekniske totalentrepriser både til nybygg og rehabiliteringsprosjektet.

Våre parterar i Teamtek er GK Norge avd Sogn og fjordane og Skår VVS, og saman leverer vi komplette tekniske anlegg. Dette gir kunden ei tryggheit om at handverkarane på byggjeplassen deira er samkøyrde og jobbar for eit felles mål.

 

Prosjekter

Eid Elektro har dei seinare åra satsa sterkt på større prosjekt, fått fleire store og omfattande byggeprosjekt i vår region. Fleire av desse har ein utført saman med Teamtek-grupperinga som har blitt ein av dei ledande aktørane innanfor tekniske entrepriser i vårt område.

 

Døme på prosjekter

  • Stryn Vidaregåande Skule
  • Eid Legesenter
  • Golvsengane Barnehage
  • Stryn Omsorgsenter
  • Skei Omsorgsenter
  • SFE og ABB - Åskåra Kraftstasjon

 

Generelt

For oss er ingen oppdrag for små eller store. Treng du prisar eller hjelp til byggeprosjekt må du gjerne ta kontakt!