Tavler og skap til tunnelprosjekt

Litt historikk

Sidan 90-talet har Eid Elektro hatt ei sterk satsing på tavler til veg- og tunnelanlegg. Opprinnelig leverte vi ei rekkje tavler til mindre tunnelar her på Vestlandet for Statens Vegvesen. I 2000 leverte vi samtlige tavler til Lærdalstunnelen, verdas lengste tunnel. Etter dette har vi spesialisert oss på denne typen tavler, og har eigne prosjektledarar som jobbar kun opp mot samferdsel.

 

Store og komplekse tavler

Vi har levert alt frå tavler til Norges mest traffikerte tunnel, Festningstunnelen, til store og komplekse vegprosjekt som består av fleire tunnelar, som f.eks  E18 Grimstad- Kristiansand og Rv7 Sokna.

Vi jobbar tett opp mot dei fleste store veg-aktørane på den norske marknaden, og leverer til ein svært stor andel av vegprosjekta i Norge.

Vegprosjekt er ofte komplekse prosjekt som set store krav til koordinering med andre leverandørar, korte leveringstider og omfattande dokumentasjon.

I tillegg til fordelingstavler og startartavler, leverer vi også veglys-skap, nød/brannskap, SRO-felt, og SSA-skap.

Referanselista er svært lang, ta gjerne kontakt om du har spørsmål om veg- og tunnelprosjekt!