
19.10.2022
Vi kan hjelpe deg med straumsparande tiltak!
Den siste tida har straumen vore dyrare enn nokon gong tidligare, og aldri før har det vel vore so lønsamt å bruke straumen smart slik at straumforbruket går ned.
Her følger nokre enkle tips for å få ned straumregninga
Start med det som brukar mest straum, nemlig oppvarming:
- Har du varmekablar, vurder om du kan senke innetemperaturen ei grad eller to, og om du har ståande varme på i rom som ikkje vert brukt. Kanskje leite fram tøflene eller ullsokkane.
- Unngå å lufte for mykje
- Om du ikkje har varmepumpe, vurder å anskaffe dette. Med ei varmepumpe får du att 3-5 gongar meir varme enn strømforbruket tilseier. Sjå vår nettbutikk, eller ta kontakt med oss.
- Vurder å gå til innkjøp av smarte termostatar på varmekablar og panelovnar. Desse kan du styre via app, og regulere temperaturen i periodar, dvs om natta eller på dagtid når det ikkje er folk i huset. Sjå vår nettbutikk, eller ta kontakt med oss.
Andre smarte tiltak
- Har du el-bil, sørg for å bruke smartlading. Dvs at bilen ladar når strømmen er billigast. Denne tenesta er tilgjengelig direkte på enkelte av smartladarane, og også via fleire av straumleverandørane
- Reduser bruk av tørketrommel. Har du mulighet til det, tørk på tørkesnor eller klestativ.
- Bytt ut lyskilder til LED eller evt sparepære. Spesielt utandørs belysning, bør vere LED-kjelder, varmen desse utviklar går til kråkene.
- Slå av lys og varme i rom som ikkje er i bruk
- Fyll opp vaskemaskiner og oppvaskmaskiner, det går like mykje energi med til å vaske ei full maskin som ei halvfull.
- Vurder andre smarthus-tiltak, for eksempel smartstyring av varmtvannstanken din.
- Vurder solceller på taket ditt. Eigenprodusert straum vil redusere straumforbruket ditt betydelig, i tillegg til at du har mulighet til å selge straumen du ikkje sjølv nyttar.
Ta gjerne kontakt med oss for ein hyggelig prat om straumsparing!