Tavleproduksjon
Med våre verkstader på Nordfjordeid og i Bergen leverer vi alle typar kvalitetstavler til heile den norske marknaden.
Tavler til:
Din leverandør av elektrotavler
Eid Elektro er ein av dei største produsentane av elektrotavler i Norge, og leverer alt frå store hovedtavler på over 4000A, mindre og enklare fordelingstavler og målarskap, og alle typar styreskap. Og mykje, mykje meir. Med over 5000m2 med produksjonsareale og høg kompetanse innanfor alle relevante fagområder, kan vi hjelpe deg med både store og små tavleprosjekt av alle typar, og til ein konkurransedyktig pris.
Elektrikaren sine favoritt-tavler
Vi bygger tavler av dei aller fleste typar, frå hovud- og fordelingstavler, til automasjonsløysingar og spesialanlegg som tunellar, settefiskanlegg, industrielle styreskap og nødutrustning for tunnel. Vi leverer mellom 500 og 800 tavler i året, i alle mulige typar og variantar, alt etter kunden sitt behov. Vi har mange erfarne elektrikarar på verkstedet, som veit alt om utfordringar med montasje, tilkobling, vedlikehald og bruk av tavler. Desse sørger for at våre tavler skal vere enkle å montere og koble til, ha tilstrekkelig plass og vere tilpassa både montøren og sluttkunden sine behov. Bruk gjerne fanene lengre oppe på sida og sjå dømer på løysingar som vi kan levere til ditt anlegg.
Komplekse anlegg
Eid Elektro er ein leiande aktør innan produksjon av tavler til tunnelar og veglys, frå Vardøtunnelen i nord til Baneheia-tunnelane i sør, frå korte tunnelar til verdas lengste i Lærdal.Vi har levert tavler til hundrevis av tunnelar i Norge, alt fra høgtrafikkerte tunnelar midt i Oslo og langs E18, til mindre tunnelar på Vestlandet og i Nordnorge.
Vi har fokus på tavler til industrianlegg, offentlege bygg og næringsbygg, blant anna fleire av dei største sjukehusa, store kraftstasjonar, flyplassar, datasenter, elektrifiseringsprosjekt og settefiskanlegg. Døme på anlegg er Haukeland Universitetssjukehus, Ørlandet Flystasjon, Salmar Marine Donut, Equinor Northern Lights, Lefdal Mine Datacenter, Seam ferjeladingsanlegg langs norskekysten, Eviny Bilkraft ladestasjonar. Spør oss gjerne om fleire referansar!
Null feil og full dokumentasjon
Mange installasjonar er så komplekse at tavleleveransen MÅ vere feilfri og levert i rett tid for å unngå kostbare opprettingar og endringar. For å oppnå høg kvalitet, satsar vi sterkt på medarbeidarar med fagleg ballast og erfaring. Alle medarbeidarar har fagbrev som elektromontørar/tavlemontør og mange har tilleggsutdanning i automasjon og/eller Teknisk Fagskule. Alle tavler går gjennom 3 test-prosedyrar m/sjekklister før dei blir sendt. Eventuelle avvik blir registrert og grundig fulgt opp i vårt avvikssystem.
Vi står på ekstra når du treng det
Vi er ein fleksibel gjeng som strekk oss langt for å levere til rett tid og som sørger for at sluttkontrollane bli gjennomførte likevel. Sjølv haste-leveransar vi «hiv oss rundt for å bygge…» blir kontrollert etter dei same strenge reglane som alle andre tavler blir testa mot.
Kvalitetsmål
Vi veit korleis ei skikkeleg tavle skal sjå ut og sørger for å levere dei med alt naudsynt tilkoblingsutstyr, aluminiumsklemmer, flenser og liknande slik at tilkoblinga kan gjerast raskt og effektivt og heilt utan feil. I praksis betyr det at vi alltid leverar ei komplett tavle med:
- All naudsynt dokumentasjon. og er bygd etter gjeldande normer og forskrifter
- Komplett og systematisert perm med all dokumentasjon, gjerne påført med vår kunde sin logo og kontaktinformasjon på teikningar og forside (dersom ønskjeleg)
- All elektronisk dokumentasjon, alle kurslister, skjemateikningar, FDV, teknisk data for komponentane samt testskjema og samsvarserklæringar.