Tavler til industri- og næringsbygg
Større fordelingstavler frå 630 opp til 6000Amp
Eid Elektro har god erfaring med bygging av større elektrotavler, og har gjennom mange år levert ei rekkje tavler til store og komplekse anlegg, der kunden set store krav til kvalitet, kortslutningsyting, dimensjonering, formkrav osv.
Tavler av denne dimensjonen leverer vi oftast i Eaton sitt tavlesystem TABULA. Desse blir designa av oss og tilpassa kvart enkelt anlegg. Vi prøver alltid å tilrettelegge for enklast mulig montering på staden og at det skal vere minst mogeleg arbeid for montøren som skal få på plass og koble til tavla.
Mindre fordelingstavler 0-400Amp
På grunn av høgare og høgare krav til dokumentasjon, testprosedyrar og bruk av spesialutstyr, har vi dei seinare år sett ei utvikling der bransjen får produsert alle typar tavler på spesialverkstadar. Det medfører at bygging av mindre fordelingstavler har auka betydeleg dei seinare åra. Vi leverer komplette tavler med alt nødvendig av rekkeklemmer, flensar, ledig plass, dokumentasjon osv.