Kvalitetssystem ISO 9001

Eid Elektro er ISO sertifisert.

Kvalitetssystem – ISO 9001

Eid Elektro er sertifisert etter ISO 9001:2015. Sertifiseringa omfattar heile verksemda vår, inkludert alle avdelingar og fagområde innan tavleproduksjon, elektroinstallasjon, service og andre tenester.

ISO 9001 er ein internasjonalt anerkjend standard for kvalitetsleiing. Standarden stiller krav til korleis vi arbeider systematisk med kvalitet, kundekrav, risikovurdering, dokumenterte prosessar og kontinuerleg forbetring.

Sertifiseringa inneber at vi har eit felles kvalitetssystem for heile Eid Elektro. Dette bidreg til einsarta arbeidsprosessar, tydelege ansvarsforhold og systematisk oppfølging av kvalitet i alle delar av verksemda.

Kvalitetsarbeidet vårt byggjer på sju prinsipp:

  • Kundefokus
  • Leiarskap
  • Engasjement frå medarbeidarane
  • Prosesstankegang
  • Kontinuerleg forbetring
  • Faktabasert avgjerdstaking
  • Relasjonsleiing

ISO sertifiseringa er ei stadfesting på at kvalitetssystemet og arbeidsprosessane våre oppfyller krava i standarden. Samstundes forpliktar vi oss til å vidareutvikle verksemda og levere tenester og produkt med høg og føreseieleg kvalitet.

  • El-proffen
  • ETON
  • NANS
  • nelfo
  • nemko
  • nemko
  • startBank
  • sentralt godkjent
  • Norsk tavleforening
  • Miljøfyrtårn
  • Representerer nordfjord