Yrkesstoltheit sidan 1980

Om Eid Elektro

Med sterke grunnverdiar som yrkesstoltheit, kvalitet, konkurransedyktigheit og profesjonalitet i ryggmargen, har det tradisjonsrike elektrofirmaet Eid Elektro utvikla seg til eit svært kompetent fagmiljø med dedikerte medarbeidarar. Om prosjektet ditt er stort eller lite, kan vi garantere deg som kunde dei beste tenestene og produkta.

Historikk

Ein desemberdag i 1980 gjekk 9 montørar frå det tidligare installasjonsfirmaet Oscar Gjerde&Co AS saman og danna Eid Elektro, og etablerte seg med butikklokale i Eidsgata. Seinare flytta firmaet til industriområdet Øyane og leigde ein liten del av det bygget som dei seinare kjøpte opp. Endå seinare vart også nabobygget kjøpt opp, slik at Eid Elektro sitt hovedkontor i Øyane 11 og 12 på Nordfjordeid i dag har over 4000m2 med moderne kontorlokale, lager og tavleproduksjon. I tillegg har nye avdelingar og montørbasar komt til, både i Bergen, i Syvde og på Stadtlandet.

Eid Elektros lokale på Eidsgata.

På Midtunhaugen har avdelinga i Bergen 1200m2 med moderne lokaler for tavleproduksjon, samt at Eid Elektro har montørbaser på Stadtlandet og i Vanylven. Frå å vere ei tradisjonell installasjonsbedrift på 80- og 90-talet, har Eid Elektro sidan slutten av 90-talet stadig utvida aktiviteten sin, og er i dag ein nasjonal aktør innanfor fleire områder, men med fokus på tavleproduksjon og tradisjonell elektroinstallasjon. Eid Elektro har i dag 90 dyktige tilsette og har ei omsetning i 2022 på ca 165 mill. Kundane varierar frå store nasjonale konsern til små privatkundar som skal ha montert ei stikkontakt i garasjen.

Vi har vore her i snart 45 år. Det er mykje som har endra seg på denne tida, men bedriftskulturen og grunnverdiane er framleis dei same. Og vi gler oss til å utvikle oss vidare.

Tre personer foran Eid Elektros lokaler på 80-90-talet
To personer som sitter og diskuterer foran et prosjekt.

Vi er ei godkjend lærebedrift

Eid Elektro er ei bedrift å vekse i der vi har stort fokus på lærlingar og at tilsette skal få moglegheit for vidare utvikling. Vi er godkjend lærebedrift for lærlingar som ynskjer å bli elektrikar, automatikar eller tavlemontør.

Kom i kontakt med oss

  • El-proffen
  • ETON
  • NANS
  • nelfo
  • nemko
  • nemko
  • startBank
  • sentralt godkjent
  • Norsk tavleforening
  • Miljøfyrtårn
  • Representerer nordfjord