Samfunnsansvar
For Eid Elektro er det viktig å skape verdiar og positive ringverknader, og å vere ein positiv og aktiv bidragsytar for tilsette, kundar og samfunnet rundt oss.
Stolt sponsor av breiddetilbodet i Nordfjord
Eid Elektro er lokalt eigd av dei tilsette i firmaet, dermed skattar både bedrifta, dei tilsette og eigarane lokalt, og vi kan også sjølv bestemme kva vi ynskjer å bruke overskotet til. For vår del har det alltid vore viktig å støtte opp om det lokale breiddetilbodet, slik at tilsette og kundar skal ha eit godt fritidstilbod til seg og familien, og difor sponsar vi stort og smått av lag og organisasjonar i regionen gjennom sponsoravtalar og skiltreklame, og støttar ein haug med andre viktige fritidstilbod som t.d. Harpefossen Skisenter og Malakoff Rockfestival. Dette bidreg heldigvis også til at mange kundar velger oss, når prisar og produkt ellers er konkurransedyktige.
Lærlingar
Vi er i ein bransje som har stor mangel på fagarbeidarar, og då er det svært viktig å ta inn lærlingar. Dette er viktig både for elevane, for oppretthalding av den vidaregåande skulen, og for oss som bedrift. Dette med lærlingar har Eid Elektro hatt fokus på i mange år, og tek inn 5-7 lærlingar kvart einaste år, og fører desse fram til ei fagprøve. Mange av desse går inn i fast jobb hjå oss etter fullført fagprøve, mens andre går vidare på skule og kjem ofte attende til oss nokre år seinare.
Samfunnsengasjement
Gjennom mange år har Eid Elektro sine tilsette engasjert seg aktivt i samfunnet, både politisk og gjennom aktiv deltaking i styrer og utval, gjennom deltaking på eigarsida i ei rekkje selskap, og ved å vere med å etablere bedrifter som skal jobbe for samarbeid og desentralisert utdanning, som t.d. Inviro AS. Dette for å bidra til å skape fleire arbeidsplassar, og vidareutvikling av bransjen vår, samfunnet rundt oss og skaffe gode driftsvilkår for bedriftene.