I tillegg til å vere ein av dei leiande leverandørane av elektrotavler i den norske marknaden, har Eid Elektro også eit breidt tilbod av installasjonstenester i Nordfjord og på Søre Sunnmøre. Gjennom eit sterkt fokus på yrkesstoltheit, kvalitet og moderne løysingar, skal våre kundar alltid føle seg trygge på at dei får dei beste produkta og tenestene til ein konkurransedyktig pris, og til avtalt tid.
Besøk nettbutikken
Her kan du bestille varmepumpe, elbil-ladar, el-kontroll, sikringsskap og ulike installasjonsprodukt.
Om du ikkje finn det du treng i vår nettbutikk, kan du gå til El-proffen sin nettbutikk, som også inneheld ei rekkje gode tilbod på elektrisk utstyr - ferdig montert av oss.
Eit kompetent fagmiljø med dedikerte medarbeidarar
Med sterke grunnverdiar som yrkesstoltheit, kvalitet, konkurransedyktigheit og profesjonalitet i ryggmargen, har det tradisjonsrike elektrofirmaet Eid Elektro utvikla seg til eit svært kompetent fagmiljø med dedikerte medarbeidarar. Om prosjektet ditt er stort eller lite, kan vi garantere deg som kunde dei beste tenestene og produkta.
Eid Elektro AS skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass der dei tilsette får vidareutvikle seg i eit godt arbeidsmiljø med fokus på fagkompetanse og yrkesstolthet. Vekst og utvikling skal kome som eit resultat av dette.