Tavleproduksjon  /   Samferdsel - tunnel, veglys og jernbane

Samferdsel - tunnel, veglys og jernbane

Sidan 90-talet har Eid Elektro hatt ei sterk satsing på tavler til veg- og tunnelanlegg. Det byrja med ei rekkje tavler til mindre tunnelar her på Vestlandet for Statens Vegvesen, før vi i 2000 leverte tavlene til Lærdalstunnelen, verdas lengste tunnel. Etter dette har vi spesialisert oss på denne typen tavler, og er i dag ein leiande leverandør av tavler til veg- og tunnelanlegg i Norge.

Store og komplekse tavler

Vi har levert alt frå tavler til Norges mest traffikerte tunnel, Festningstunnelen, til lange vegstrekningar bestånde av fleire tunnelar og anlegg i dagen. Vi jobbar tett opp mot dei fleste store veg-aktørane på den norske marknaden, og leverer til store og komplekse vegprosjekt som f.eks Fv 659 Nordøyvegen, E18 Grimstad- Kristiansand, E39 Kristansand-Mandal, E6 Vålerengatunnellen, E39 Skrikeberg, Jernfjell og Masfjord, Rv7 Sokna, E18 Vestfoldtunnelane og E18 Kjørholt-Bamble.

Tavler til vegprosjekta set ekstra store krav til koordinering med andre leverandørar, korte leveringstider, 0-feil og omfattande dokumentasjon. I tillegg til fordelingstavler og startartavler, leverer vi også veglys-skap, nød/brannskap, SRO-felt, og SSA-skap.

Referanselista er svært lang, ta gjerne kontakt om du har spørsmål om veg- og tunnelprosjekt!

Veitunnel

Tennskap

Som ein viktig del av vår satsing opp mot tavler til samferdsel, har vi i mange år levert veglys-skap rundt om i landet.

Vi leverer alle typar skap utfrå kundens behov og beskrivelse. Vanligvis blir desse skapa levert som dobbeltvegga aluminiums-skap av typen Satema eller Hydal, eller enklare skap type Eaton. Skapa blir tilpassa med tanke på sokkeltype, farge, antall felt og størrelse. Vi leverer komplette skap til konkurransedyktig pris overalt i Norge.

Bilde av tennskap.
Et tennskap

Nødskap og kioskar

For nokre år tilbake kom Eid Elektro på marknaden med eigen-designa nødskap, brannskap, SA-skap og nødkioskar for tunnelanlegg.

Dette har vore ein stor suksess. I samarbeid med kvalitetsleverandøren Nomek i Stryn, Statens Vegvesen, og fleire av dei store aktørane i bransjen har vi designa og utvikla skap som har svært høg kvalitet og har blitt meget godt mottatt i marknaden. Vi leverer komplette løysingar, ferdig bygde med SRO-leverandøren sitt PLS-utstyr og telefonløysingar, brannapparat, lys, følarar osv, og har etterkvart fått ei lang rekke med referanseanlegg.

Bilde av nødskap i en lagerlokal
lærdalstunnelen opplyst
Bilde: Lærdalstunnelen

Jernbane

Eid Elektro har dei siste åra levert tavler og skap til ei rekkje store jernbaneprosjekt og ERTMS-prosjekt. Dette er alt frå hovedtavler, underfordelingar og styretavler til jernbane og togstasjonar.

Tavle ved jernbane.
  • El-proffen
  • ETON
  • NANS
  • nelfo
  • nemko
  • nemko
  • startBank
  • sentralt godkjent
  • Norsk tavleforening
  • Miljøfyrtårn
  • Representerer nordfjord